Det starta med silda

14.01.2021
Utstillinga er klar i foajeen vår, sjå på utstilling, film og bildeserie. Bildeserien for TV er laga særskilt for tida utstillinga står i Langevåg. Han tek for seg det maritime næringslivet i gamle Moster og Bømlo kommune, og det viste seg å vera omfattande! Ved intervju, lokalhistoriske bøker og bildeinnsamling er serien blitt eit fargerikt tidsbilde. Å sjå over hundre år med entreprenørskap og fagleg kompetanse i samanheng, gir oss eit imponerande oversiktsbilde. Bilde og faktainformasjon opnar augo våre for den enorme arbeidsinnsatsen som ligg bak, og det gjer oss audmjuke.  Vi ser familiebedrifter som framleis er i drift etter fem generasjonar, partslag og samarbeid og fleirbruk av fartøy, og evna til å satsa og snu seg rundt når tidene skifta. Alt saman sikra at familiar her sør kunne leva av fiske og frakt, skipsverkstader og handel og service. Museet takkar alle enkeltpersonar og historielag som har brukt tid på å hjelpa oss med bilde og fakta og korrektur.
I mars skal utstillinga vidare til nordre delen av kommunen, og ny bildeserie vil bli presentert. Sjølve utstillinga femnar om heile Sunnhordland, og er ei noko komprimert utgåve av utstillinga som opna på Sunnhordlandstunet i 2018.
Følg med når restriksjonane lettar, og vi kan invitera dykk til skikkeleg opning av utstillinga!

Hjem | Kultursal/Konferanse | Idrettshall | Kafe/catering | Møterom | Solarium | Buldrerom | Ungdomsklubb
Fysioterapi | Helse avdeling | Tannlege | M/S GÅ PÅ | Skytebane | Om oss | Historie | kontakt