På bygdatunet kan du nyta kjekke filmar kvar fjerde søndag. Neste framsyning er 12.april. Klikk på knappen under for kinoprogram.
Møt artistane Roger Stangervåg, Heidi Lambach og Oddgeir Røssland i eit inspirerande og spanande samarbeid med
malarkunstnar Anne May Tønnesen fra Haugesund.
Sett av kveldane
-19.januar
-23.februar
-22.mars
-19.april
Me går våren i møte med trivelege quizkveldar i kultursalen. Ta med deg venegjengen, kolleger, naboen eller kom gjerne aleine. Inntil 8 på kvart lag.
Kr 50,- per pers. Premie til vinnarlag kvar kveld + samanlagt.
Dørane opner 1930. Open pub til 0100. 18år.
Få oppdatert informasjon om det som skjer i bygda rett inn på telefonen. Her kjem arrangement og informasjon frå fleire lag og organisasjoner.
Bruk koden: T2SXKR
Meny på søndager varierer kvar veke. No på søndag 14.april har me OKSESTEIK m/tilbehør til middag og Sjokoladepannacotta til dessert.
Komla har me alltid om torsdagen. Du kan og bestille og ta med deg heim om du ynskjer.
I år får me blant anna besøk av Ole Ivars, Totalt 50 og Erik Mogeno.
Ole Ivars har vore her før og spela blant anna første året bygdatunet vart opna. Då var det fullt hus og stormande jubel. Ole Ivars er inne i sitt siste år som turnerande danseband og har fått auka aktualitet med William Kristoffersen si deltaking i "Hver gang vi møtes".
Totalt50 spela på julebordet i fjor og me er glade for at dei kjem tilbake til oss.
Erik Mogeno er ein komikar, tryllekunstnar og buktalar som reiser landet rundt med sine show. Han skal halde show for vaksne på fredag kveld og for born/ungdom på laurdag formiddag. Fullt program kjem.
Last ned appen "infoskjermen go" og få arrangement og nyttig info om kva som skjer i bygda rett inn på telefonen. Bruk kode T2SXKR
Me har fleire kontorlokale til utleige. Ta kontakt med dagleg leiar for befaring og pris.