Arrangement

Konsert med trioen

Ingebjørg Andrea Ådnanes, Henriette Braavig

og Simon Madsen

Tirsdag 28- september kl. 19:00



28.09.21 kjem Ingebjørg Andrea Ådnanes (blant anna kjent frå The Voice 2021), saman med Henriette Braarvig og pianisten Simon Madsen til Langevåg Bygdetun for å ha konsert. Konserten deira vil vera innom eitt stort spekter; alt frå nytt sjølvskrevne materiale, til nye og eldre perler henta frå både populærmusikken og frå den kristne songtradisjonen. Desse vil bli ikledd nye, spanande arrangement. Dette er ei oppleving du ikkje må gå glipp av.

Ingebjørg Andrea Ådnanes er født og oppvaksen på Karmøy, og er i dag gift og busett på Bømlo. Ingebjørg har ei enorm stemme, ein heilt spesiell formidlingsevne og ei sterk personleg historie å fortelja. I tillegg har ho eit vesen som publikum fort vert glad i. På konsertane hennar er avstanden frå våte augnekrokar til latter relativ kort. Ho har tidlegare samarbeida med Hanne Krogh, var med i Team Hanne i “Det store korslaget”, som gjekk på TV2 i 2009. Ho kom til semifinalen i Idol 2013, og har jobba med VAMP, Hellbillies, Voice Of Joy, og mange fleire. For dei fleste er ho kanskje mest kjent frå “The Voice”, som gjekk på TV2 i vår.


Henriette Braarvig er født og oppvaksen på Karmøy. Henriette har sunget heile livet. Ho har ei stor formidlingsevne på scenen med ei stemme som bevegar publikum. Erfaringa hennar varierar frå konsertar med lokale artistar (Mads Pedersen, Unni Hilt og Hibbi Mannes) til turne i Frankrike og Spania med Jesus Revolution. Ho har og fleire gongar vore lovsongsleiar på ulike kristne festivalar rundt om i Noreg, og i 9 år var ho fast medlem i gospelkoret Voice Of Joy. I 2004 og 2005 var ho på turne med musikalen “The Battle of Europe”


Simon Madsen er ein musiker født og oppvaksen på Bømlo. Han begynte å spela piano allereie då han var 4 år gamal, og skreiv som 10 åring sin første klassiske komposisjon. Simon bevegar seg i dag innanfor eit vidt spekter av ulike musikk-sjangrar; og har eit spanande og lekent musikalsk uttrykk. Han spelar like gjerne klassisk kyrkjeorgel som jazzpiano. Har dei siste åra spela for etablerte artistar som Solveig Leithaug, Solfrid Brekkå, Bjarte Leithaug, Eyvind Skeie og mange fleire; i tillegg til erfaring som pianist/keyboardist i ulike gospelkor (Zenith, Kenanja, Decor). Han har dei siste to åra hatt fast samarbeid med Ingebjørg Andrea. Dette må du ikkje gå glipp av!!!! Velkommen til konsert!

Kystsogedagen 2021 avlyst


Vi kommer tilbake med en

Festhelg

29-30. oktober


Programmet annonseres i september