Velkommen om bord

MS Gå PÅ

Velkommen ombord for

Ei fantastisk oppleving

Skreddarsydd tur

Me skreddarsyr opplevinga slik at det er tilpassa akkurat ditt event.

Mat og drikke

Med servering- og skjenkeløyve ombord blir dette ein unik oppleving

I vakker natur

Nyt sjøduften i vakre omgivelser og i godt selskap.

Historia om

Veteranbåten

M/S GÅ PÅ er ein veteranbåt som blei bygget og levert frå Kjørve båtbyggeri i 1938. Jomfruturen gjekk frå Haugesund til Aberdeen i Skottland og lasta var sild i tønner. Vidare seilte den lasta med reker og hummar til Frankrike. Einskilde år var den oppe i 53 turar, og kvar tur tok 66 timar frå land i Norge til land i Frankrike. Under den andre verdskrigen gjekk den i fraktefart langs Norskekysten. I etterkrigstida fram til 1948 gjekk den i Østersjøen, og fra 1948 blei den satt inn på fast frakterute mellom Bergen og Oslo.



I 1951 blei båten kjøpt av to brødre frå Espevær, Trygve og Truls Eiken. Dei gjorde lasting og lossing om til fiske, og drog mellom anna i Nordishavet, Lofoten og i Nordsjøen på fiske. På 1970 talet blei det søkt om kondemnering av båten, noko som blei innvilga, og dermed var alt klart for å senke M/S Gå På til havets bunn. Då kom Eidesvik & Co inn i biletet, fekk omgjort kondemneringa og kjøpte båten. Siden den gong har det blitt gjort fleire oppgraderingar og investeringar for å kunne behalde dette flotte skipet.


I 2014 var M/S Gå På ferdig etter ein omfattande renoveringsprosess og rusta opp for fleire oppdrag og mange gode seilande år vidare.